Vårkurs NLT på Hell

Over 100 tilsette og tillitsvalde i Landbrukstenester frå rundt i kring i vårt vidstrakte land er samla i to dagar på Scandic Hell Hotel i Stjørdal – i regi av Norske Landbrukstenester NLT. Deltakarane er fordelt på ulike kurs. 4 tilsette i tenesteavdelinga i LNV er med på kvart sitt kurs. Eit av kursa vi er med på er om heimesidelaging/redigering/publisering. Vi vonar at vi lærar so mykje om dette at det vil kome våre medlemer og tilsette på kontor og i fjøs til nytte, ved at vi kan oppdatere kvar og ein med relevant og nyttig informasjon fortløpande.