Vår hovudoppgåve er å rekruttere og organisere arbeidskraft til landbruket i vårt område.

Avløysarlaget tilset avløysarar som arbeider hos medlemmene.

Det er ulike arbeidskontrakter og avtaler tilpassa den enkelte bondes behov.

 

Avløysarring – en ansatt avløysar arbeider hos 5 – 8 bønder etter fast turnusplan.

 

Deltidsavløysing – avløysaren tar oppdrag etter avtale og behov hos enkelte bønder.

 

Tilfeldig arbeid / Onnehjelp – etter avtale og forespørsel.


 

Familieavløysing og naboavløysing

Svært mange er avløysar på heimgarden.

Det kan vere foreldre eller eigne barn over 16 år.

Elles er det ofte naboer aller andre i bygda som tar på seg slikt arbeid på deltid.

 

Kven kan vere avløysar?

For å vere avløysar krevst det erfaring og kunnskap om husdyrstell, mjølking og gardsarbeid generelt. Ein avløysar må kunne ta over arbeidet på garden når bonden av ulike grunnar ikkje kan gjere jobben sjøl.

Enten han skal ha fri, er bortreist eller når han/ho er sjuk.

 

 

Har du kunnskap og interesse for dyrestell og gardsarbeid?

 

Kan du tenke deg å ta oppdrag som avløysar i bygda der du bur?

 

– Ta kontakt med oss i avløysarlaget, vi vil hjelpe deg å komme igang.