AVLØYSARKURS nybyrjarar Ørsta

AVLØYSARKURS for nybyrjarar i Ørsta

 

Landbruk Nordvest SA vil i haust arrangere kurs for deg som kan tenkje deg arbeid som avløysar for

gardbrukarar, eller allereie har litt røynsle med ein slik type jobb.

Avløysarkurset vil i hovudsak handle om mjølkekyr og rutiner på mjølkebruk.

Vi tek opp emner som fôring, mjølking, hygiene, brunst, sjukdomar, HMS

og gode fjøsrutinar.

Det vert både teori på møterom og praksis med mjølking i fjøs.

Kurset vil gå over 4 veker med 2 kvelder pr. veke, tysdag og torsdag kl 17.00 – 20.00 på følgjande datoar:

7, 9, 14, 16, 21, 23, 28 og 30 november.

Stad for teorikveldane er Meieriet i Ørsta, fjøskveldane er hjå Dagfinn Barstad, Follestaddalen

Ingen aldersgrense oppover! Dei yngste må fylle 14 år i løpet av året.

Ring Morten på tlf 463 42 050, eller send e-post: morten.feiring@nlr.no

Påmelding innan den 20. oktober.

Kursavgift er kr 750,-      Kursbevis mottek du etter dokumentasjon på 8 fjøsstell i etterkant av kurset

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *